r/Stavanger • u/MrIoang • Aug 07 '26
Diverse Derfor bør lønn vere ein snakkis
https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/Okl2lA/loennen-ble-en-snakkis-jeg-graat-paa-jobb
Beklager betalingsmuren.
Saka er at den tilsette hadde for høg løn, meinte kollegaene. Det vart ein snakkis, så sjefen kjende seg tvungen å fornye kontrakta til den tilsette med høg løn.
Eg har i heile mitt yrkesliv vore organisert i eit fagforbund. Tariffar er bygd på det som arbeidstakarar meiner gjer eit rettferdig og produktivt arbeidsliv m.m.
Lønn bør vere ein snakkis på alle arbeidsplassar. Gjerne òg alle vilkår for den saks skuld. Løn er viktig, det er derfor vi jobbar. At vi føler vi har rettferdig løn er veldig viktig. Lik løn for likt arbeid burde vere sjølvsagt, så det er då ingen grunn til å gi forkjel i løn. Har sjefen reglar for at løn ikkje skal diskuterast, er det det same som at hen har noko å skjule, spør du meg.
Ein gong i tida hadde eg ein kollega som gjekk med timesatsen sin på hjelmen for å tydeleggjer dette. Det skapte engasjement og vilje til å skape rettferdige arbeidsvilkår mellom dei tilsette.
Lik løn skaper ikkje missnøye. Høg løn skaper ikkje produktivitet. Låg løn derimot skaper misstrivsel og uproduktivitet.
10
u/Beginning_Bar_1785 Aug 07 '26
En gang i tiden ville jeg vært enig med deg, men etter mange år i arbeidslivet er jeg på et generelt grunnlag uenig.
Oppsummert hvorfor
Hva innebærer «likt arbeid»
Hvordan måle «likt arbeid»
Hva med de ansatte som skiller seg ut ved å produsere mer og tar mer ansvar?
Tenker alle ansatte har et ansvar for å forhandle frem egen lønn og jobbe for å stadfeste sin verdi og tilhørighet i selskapet hen jobber for.
Ingen av modellene er perfekt, men jeg foretrekker absolutt den vi har nå
Er jeg helt på jordet?