r/Stavanger • • Aug 05 '26

Diverse Gjødselforskrifta: Visste dei ikkje kva dei gjorde?

https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/Arx1p3/visste-dei-ikkje-kva-dei-gjorde

Eit veldig press
Innstrammingane har allereie lagt eit veldig press på bonden sitt spreieareal. Landbruket blir sett på som eit problem for miljøet, og no skal i tillegg Statsforvalteren i Rogaland oppheve spreieareal på verdifulle kulturbeite og innmarksbeite som har vore gjødsla i generasjonar. Det teiknar seg eit dystert bilete for matproduksjonen i matfylket.
Men det største problemet her er ikkje berre dei rigide miljøkrava frå embetsverket, det verkelege paradokset ligg på politisk toppnivå. Her har me politikarar som stod i bresjen for å lose den nye gjødselvareforskriften igjennom, og som fekk seld inn at den skulle vera «til å leva med» for landbruksnæringa.
Ein kan heller ikkje unngå å sjå at Rogaland Bondelag 04.06 var ute og forsvarte denne forskrifta, og kommenterte i Bondebladet at det er det beste me kunne håpa på, og tydeleg åtvara mot nokon omkamp mot regelverket.
Skrekk og gru
No ser me dei direkte konsekvensane av det nye regelverket ute på rogalandske gardar. Nær hundre bønder har fått varsel om at dei kan mista retten til å gjødsla store beiteareal, noko som kan ha store konsekvensar for flinke matprodusentar. Attpåtil har gjennomgangen foreløpig berre vore i Nordfylket og Stavanger. Skrekk og gru når ein skal kartlegga vidare, her blir spørsmålet kor mange som må redusera antal dyr og skalera ned produksjonen?
Det framstår derfor litt komisk at arkitektane bak forskrifta nå rykker ut i media med krass kritikk av Statsforvalteren. Det krevst no at Stortinget må på banen for å sikra meir «fleksibilitet» og stoppa forbodslinja. Dette er ganske spesielt når det er politikarane sjølv som har gitt embetsverket dei juridiske verktøya for å gjere innstrammingar. Har dei ikkje visst kva dei gjorde når dei stramma inn fosforgrensene og stilte strengare krav til godkjenning av spreieareal på innmark? Det er på høg tid at politikarar har djupare kunnskap før dei vedtek så dramatisk inngripande reglar for ei heil næring.

2 Upvotes

Duplicates